torsdag, 03 mars 2016 15:52

Avduking av nytt kunstprosjekt i Statens kartverk i Hønefoss fredag 4. mars

Skrevet av
Tegninger fra kartverket av Esther Maria Bjørneboe er ein serie portrett av dei tilsette ved Kartverket og arbeidet deira. Tegninger fra kartverket av Esther Maria Bjørneboe er ein serie portrett av dei tilsette ved Kartverket og arbeidet deira.

Fredag 4. mars kl. 13.00 er det avduking av tre nye kunstverk i B-blokka i Statens kartverk i Hønefoss.  B-blokka i Kartverket sitt hovudkontor i Hønefoss er blitt grundig renovert, og i det høvet er det kjøpt inn kunstverk frå tre kunstnarar: Esther Marie Bjørneboe (NO), Taryn Simon (US) og Mona Hatoum (LB).

– Kartverket har si eiga samling av norsk kunst. Kurator Merete Røstad har no utvida samlinga med verk av Taryn Simon og Mona Hatoum. I tillegg har ho invitert Esther Maria Bjørneboe til å dokumentere den teknologiske utviklinga som er i ferd med å endre arbeidssituasjonen for dei tilsette ved Kartverket. På eit meir universelt plan handlar desse endringane om det endelege brotet med manuelt arbeid som vi ser i vår tid, seier seksjonsleiar og kurator i KORO, Nora Ceciliedatter Nerdrum.

Historia til kartet er fleire tusen år gamal, men den nyare, digitale utviklinga som har skote fart dei siste åra, er i ferd med å forandre kartografien på grunnleggande måtar. Det meste av arbeidet ved Kartverket er no digitalisert, og metodane dei brukar for å måle og dokumentere landområde er i sterk endring. Midt i denne utviklinga har teiknaren Esther Maria Bjørneboe laga sitt tidsdokument over kartlegging slik den ser ut nett no. Tegninger fra Kartverket er ein serie portrett av dei tilsette ved Kartverket og arbeidet deira. Vissa om at dette arbeidet om kort tid vil sjå heilt annleis ut, gjev teikningane ein poetisk, forgjengeleg dimensjon.

Taryn Simon sine fotografi Plants (prohibited) er ein del av ein større serie med tittelen Contraband. Ho har fotografert over tusen konfiskerte gjenstandar tekne frå passasjerar og frå pakkar sendt som flypost på flyplassen John F. Kennedy i New York. Contraband viser korleis dei materielle tinga er med på å definere ein stad. Med tida vil gjenstandane bli meir framandarta for tilskodaren og få ein annan valør, ikkje ulikt Bjørneboe sine bilete av dei tilsette ved Kartverket.

Mona Hatoum er ein libanesisk video- og installasjonskunstnar som bur og arbeider i London. Gjennom fleire tiår har ho laga prosjekt med ein politisk brodd. Ho har arbeidd mykje med migrasjonsspørsmål og den heimlege sfæren. Verket Untitled (Stick) er ein spaserstokk som er laga av silikon og derfor ikkje kan gi støtte til vandraren. Hjå Kartverket blir denne spaserstokken eit slåande bilete på vandringsstaven til dei gamle kartleggarane.

Det ligg ein heilskapleg tanke bak dei nye kunstverka som no er kjøpt inn til B-blokka i Kartverket. Samlinga går under namnet «Ei samling om tid». Dei tre kunstnarane har markert seg i det internasjonale kunstfeltet på 2000-talet, og med desse arbeida vert samlinga ved Kartverket løfta til internasjonalt format.

Kurator Merete Røstad vil vere til stades på opninga. 

Andre saker å lese

Flere nye tiltak skal øke bankkonkurransen

20-09-2026 Politikk NTB - avatar NTB

Flere nye tiltak skal øke bankkonkurransen

Vi nærmer oss et nytt rentemøte. Alle med boliglån må snart finregne på renter og mulige økte kostnader.

Les mer i RingeriksAvisa

Vegvesenet advarer mot kø på E18 inn mot Oslo

19-09-2026 Nyheter NTB - avatar NTB

Vegvesenet advarer mot kø på E18 inn mot Oslo

Samme dag som lokførerne går ut i streik, er det store veiarbeider på E18 inn mot Oslo. Togstreiken gjør køene ekstra lange.

Les mer i RingeriksAvisa

Bil kjørte av veien i Busundveien

19-09-2026 Blålys brann politi ulykker Frank Tverran - avatar Frank Tverran

Natt til lørdag gikk det ut melding om en trafikkulykke i Busundveien.

Les mer i RingeriksAvisa

Benterudgata 10 solgt for 8,1 millioner

19-09-2026 Eiendomsoverdragelser Frank Tverran - avatar Frank Tverran

Benterudgata 10 solgt for 8,1 millioner

Salget av Benterudgata 10 for 8,1 millioner kroner har den høyeste registrerte kjøpesummen i ukens oversikt. Tanberglia 8 følger med en kjøpesum på 6,1 millioner kroner.

Les mer i RingeriksAvisa