vedskiNoko luksus skal ein unne seg i vinterhalvåret. I vinter har eg fyrt med ask – kløyvd og kappa ask som var meint å skulle bli til splitkeinski. Snakk om vedski. Snakk om luksus.

I vinter har eg fyrt mykje, åtte pallar med ved frå Ådalens djupe skogar i den store skogskommunen Ringerike. Eg kjøper ved hos Andreas Groseth på Somdalsbråten i Ådalen, han leverer raskt tørr og fin og god ved: Gran, furu, bjørk, blanding – og ask. Ja, ask.

 

Ask er jo ikkje akkurat kvardagsved for ein som er vant med bjørk, gran og furu. Korleis kan det så ha seg at Groseth-karane kan levere ask på pall på Ringerike?

Hugsar du Splitkein? Det var dei gromme treskiene for meg som hadde lært å gå på ski på 50-talet og som snarast var innom langrennsporten som på klubbnivå i VSIL på 60-talet. Splitkein var både ein produksjonsmetode og eit varemerke. Sjølv kjøpte eg Splitkein gullski midt på 60-talet for eigne pengar og kjente meg både kjekk og rask. Eg hadde dei i 20 år, men då var dei ikkje meir å gå på. Dei hadde ikkje hardvedkantar, men var lenge både lette og greie å ha med å gjera.

altSplitkein vart etablert som skifabrikk då den kjende OL-meisteren Laila Schou Nilsen i 1947 kjøpte Østbye Salgskontor for nesten slikt og ingenting. Skieksperten Peter Østbye hadde etablert firmaet i 1935. Men delar av leiinga var nazistar og firmaet hadde seld mykje ski til tyskarane under andre verdskrigen her i landet. Derfor kunne ikkje firmaet halde fram med same eigar og same leiing etter krigen. Firmaet var einefabrikant av Splitkeinski, som fekk Grand Prix på Verdsutstillinga i Brüssel i 1935. Åsnes skifabrikk i Fjaler i Sogn Fjordane laga seinare ski etter splitkein-metoden. Men det var fabrikken i Hønefoss som brukte splitkein-namnet som fabrikkmerke.

I følgje skihistorikaren og forfattaren Thor Gotaas kjem ordet splitkein av det engelske ”split cain”, å splitte trestykke og treslag og så lime dei saman att for å få god spent og kvalitet. Det blir brukt med fiskestenger og altså ski. Eg må dessutan få skryte av Gotaas si bok Skimakerne frå 2007.

 

I 1950 vart Splitkein-fabrikken slått saman med skifabrikken Alme & Brodahl, og Splitkein flytta produksjonen til Hønengata i Hønefoss. Bedrifta framstilte også hagemøblar, campingutstyr og seglbåtar. På 1970-talet gjekk glasfiberskiene best, dei limte treskiene gjekk ikkje lenger, og Splitkein-fabrikken gjekk inn. Les gjerne Otto Frydenlund sin artikkel i Heftet Ringerike 2003 om korleis det var å arbeide ved Alme & Brodahl i 1930-åra.

altEndeleg kjem vi til poenget – kvifor eg fyrer med ask frå Ådalen. Det er fordi Splitkein i Hønefoss i si tid hadde behov for ask til produksjonen. Grunneigarar som ville prøve å dyrke ask, fekk planter frå fabrikken. Det kalde Ringerike er ikkje akkurat eit typisk ask-vennleg område. Men på Elsrud, langt mot nord på vestsida i Ådalen, der er det lunt nok til den varmekjære asken. Så gjekk det som det stundom går, når tre og skog veks seg store nok, då er det ikkje bruk for dei lenger. Skiproduksjonen er lagt ned. Men vedskier av ask er det framleis bruk for – til å fyre med ein vinterdag med gneistrande skiføre.

(Foto: Olav Norheim og Frank Tverran)