Skriv ut denne siden
fredag, 26 juni 2020 14:48

NVE tilrår nye konsesjonsvilkår for Samsjøen og Bjonevatn

Skrevet av Pressemelding
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)
Samsjøen i sprutregn Samsjøen i sprutregn Foto: Frank Tverran

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Foreningen til Bægnavassdragets Regulering nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Samsjøen og Vestre Bjonevatn i Ringerike kommune, Viken fylke.

På bakgrunn av krav frå Ringerike kommune har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Samsjøen og Vestre Bjonevatn.

NVE rår til at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraga, som gir moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak, blant anna med hensyn på fisk. NVE rår til at dagens praksis når det gjeld slipp av minstevassføring frå Samsjøen og Bjonevatn vert fastsett i vilkåra.

NVE tilrår ikkje magasinrestriksjonar i Samsjøen, da det er sannsynleg at ei restriksjon ville gjere det umogleg for konsesjonæren å nytte reguleringshøgda gitt i konsesjonen.